Utlysing av tilretteleggingsmidlar for 2024/2025 for barnehagelærarstudentar på ABLU og deltidsstudie

Samarbeidsforum i Rogaland har gitt Statsforvaltaren i Rogaland fullmakt til å fordele tilretteleggingsmidlar for studieåret 2024/2025. Dette er ein del av regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage.    

Samarbeidsforum har satt av kr 7 250 000 til formålet.  

Publisert 08.05.2024

Prioriterte studium i denne ordninga  

  1. Studentar på 4. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk 
  2. Studentar på 3. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk 
  3. Studentar på 2. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk 
  4. Studentar på 1. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk 

Tilsette i barnehagar som har fått midlar i 2023/2024 skal bli prioriterte i heile utdanningsløpet. Barnehageeigar må søkje om midlar kvart år på vegne av eigne tilsette, sjølv om dei tilsette er prioriterte.  

Kriteria for å kunne søke om midlar  

  • Den tilsette skal ha studieplass, eller søkt om studieplass, ved dei prioriterte studia 
  • Den tilsette skal ha minimum 50% fast arbeidsforhold i barnehage i Rogaland 
  • Dersom den tilsette er tilsett i fleire barnehagar, må det bli avklart lokalt korleis midla skal bli fordelte mellom barnehagane 
  • De kan søke om inntil kr. 50 000 per student og for maks 2 tilsette per barnehage 

Barnehageeigar søker om midlar på dette søknadsskjemaet. Frist for å sende inn søknad er 31. august 2024.  

Midlane blir betalt ut til barnehagemynde i dei respektive kommunane som fordeler midla vidare til eigar. Utbetalinga på kr. 50 000 gjeld for heile studieåret 2024/2025. Midlane blir utbetalte i løpet av september/oktober 2024.  

Sjå fullstendig utlysning i brev til kommunane i menyen til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.