Utan matprodusentar, ingen kokkar

Frank Madsøy ønska velkommen til kickoff for lokalmatprosjektet i Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Dette var bodskapen til stjernekokk Nils Flatmark under samlinga for lokalmataktørar ved Storfjord Hotell i Møre og Romsdal nyleg. «Uten produsentar, ingen råvarer. Ingen råvarer ingen kokker», uttala han.

Publisert 29.04.2024

Nils Flatmark fekk nyleg førstepremien i Nordic chef, Nordens viktigaste kokkekonkurranse. Denne veka har han i to heile dagar jobba med lokale matprodusentar i samband med oppstartssamlinga til det treårige prosjektet Lokalmat Møre og Romsdal. Prosjektet er eigd av NORSØK (Norsk senter for økologisk landbruk),  og utførast i samarbeid med Matarena og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, blant fleire.

Inspirasjonstreff

Over 50 aktørar frå bransjen var samla ved Storfjord Hotell for å vere med på inspirasjonstreffet. Blant dei frammøtte var kokkar, serveringsstader, grossistar og produsentar. Samlinga vart opna av områdedirektør Frank Madsøy hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Han sette arbeidet med lokal mat og drikke inn i ein større samanheng og nemnte regjeringa sitt arbeid for å auke omsetninga av lokalmat nasjonalt. Oppskrift for mer lokalmat- og drikke - regjeringen.no. Dette arbeidet sjåast no på også i ei beredskapssamanheng.

Gjennom dagen fekk dei frammøtte høyre meir om Lokalmatprosjektet og aktørane som står bak. Dei fekk også høyre to kokkar si oppleving av matfylket Møre og Romsdal. Ronny Kolvik er kokk på Bro Kystgastronomi og har gjennom fleire år streba etter å servere dei gode og lokale smakane til gjestane sine. Han brenn også for å utdanne lærlingar som er opptatt av kvar maten kjem frå og korleis den er produsert. Begge kokkane var tydelege på at geografien i fylket gjer det utfordrande med logistikken for å kunne bruke råvarer frå lokalmatprodusentane.

Logistikk vart difor tema i siste del av konferansen kor fleire aktørar var samla til panelsamtale leia av Vegard Botterli frå NORSØK. I panelet var både «store og små» lokalmatprodusentar, BAMA, Spesialgrossisten (Godt Lokalt) og Statsforvaltaren.

Historie som råvare

Historiefortelling var også eit viktig element i samlinga -fordi det er ein viktig ingrediens i heilheita rundt lokal mat. Sosiolog Hedda Bangsund har skrive master om lokalmatsatsinga i Trøndelag. Ho delte mange interessante observasjonar og funn. Blant anna trakk ho fram at den gode historia som er tett knytt til maten, er så viktig at den kan sjåast på som ei råvare. Medan restauranten som serverer lokale råvarer og formidlar historiane bak maten er den aller beste formidlingsscena.

Siste del av programmet var «speed-date» mellom produsentar og serveringsaktørar. Alle produsentane hadde med smaksprøver av egne varer og var tilgjengelige for ein prat med dei som var interesserte. To timar var sett av til dette og praten gjekk godt. Samtlige reiste derifra med ny kjennskap til nye samarbeidspartnarar.

Handmatworkshop

På dag to, som eit eige arrangement, vart det duka for handmatsworkshop kor tre kokkar- Nils Flatmark, Ronny Kolvik og Christoffer Schønefeld- vart utfordra på å bruke råvarer frå ulike produsentar for å lage enkle og smakfulle festivalmatrettar. Berre å sjå desse tre dyktige fagfolka jobbe var ein opplevelse i seg sjølv! Produsentane hadde sjølv spelt inn kva av eigne råvare dei ønska at kokkane skulle bruke. Iløpet av ein dag «trylla» kokkane fram dei deiligste retter av utelukkande lokale råvarer. Kanskje blir nokre av dei å få smakt på ulike festivalar framover? Potet-, grønsak- og bærbonde Hegelin Waldal oppsummerte det heile på treffande vis: «No drar vi heimatt, sprekkmette og glade.»

Lokalmatprodusenter har satt frem sine produkter.
Praten gikk lett når produsentane satt fram det dei produserer. Dette var ein fin måte å bli kjent med nokre av produsentane her i fylket på, uttalte fleire av deltakarane. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Marie Teigeland.
Viser kokkene som anretter mat.
Kokkane Ronny Kolvik, Nils Flatmark og Christoffer Schønefeld trylla fram fantastiske smårettar av dei lokale råvarane. Foto Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Marie Teigeland Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Marie Teigeland.
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Marie Teigeland.
Anretning av hamburgere.
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Marie Teigeland.